Pedagogisk Psykologisk tjeneste

Surnadal og Rindal PPT

PP-tenesta skal samarbeide nært med elevar, foreldre, barnehagar, skular, opplæringsverksemder og andre kommunale hjelpetenester for å sikre at barn, unge og vaksne med rett til grunnskuleopplæring får eit godt opplæringstilbod. Tenesta har ansvar for å hjelpe barnehagar og skular med å legge til rette for eit godt og trygt barnehage- og skulemiljø og eit særleg ansvar for å hjelpe dei som har behov for ekstra tilrettelegging.

 

Kva tilbod har vi?

  • Støtte og rettleiing til foreldre om barns trivsel og utvikling 
  • Rettleiing/tilråding til barnehagar og skular om tilrettelegging for trivsel, læring og utvikling
  • Sakkyndig vurdering av rett til spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp for barn, unge og vaksne med særlege behov
  • Førebyggje, avdekkje og avhjelpe følelsesmessige vanskar og lærevanskar
  • Hjelper barnehagar og skular i arbeid med mobbesaker
  • Direkte arbeid med barnet
  • Samarbeid med andre lokale instansar
  • Bidra til at barn får hjelp frå andre tenester ved behov (BUP, Statped og andre hjelpetenester)

Arbeidsmåtar

Vi innhentar opplysningar om barnet ved å:

  • gjennomføre samtale med barnet sjølv
  • gjennomføre samtale med foreldre
  • gjennomføre samtale med barnehage/skule
  • observere barnet i ulike situasjonar
  • observasjonar av læringsmiljø
  • teste barnet med ulike testar, alt etter type vanskar

Kven kan få tilbodet?

Barn, unge og vaksne med særlege behov.

Kva gjer vi for å få tilbod?

Tilbod om hjelp kan du få ved å venda deg direkte til PP-kontoret eller via barnehagen eller skulen din.

Du kan og gå via helsesøster eller lege.

Kva kostar tilbodet?

Tilbodet er gratis.

Skriv til oss

Ved å nytte tenesta eDialog, kan du no sende oss dokument via ein sikker kanal.

 

Send brev sikkert med eDialog her.

Namn
Stilling
Telefon
Turid Hals Sæther PP- leiar 91573737
Anita Stavik PP- rådgjevar 95281588
Oddrun Harang PP- rådgjevar 90665368
Kari Hamnes PP- rådgjevar 97144941
Marte Dalsegg PP- rådgjevar 90172309

Kontaktinformasjon

Surnadal og Rindal PPT
Telefon 71 65 78 80

Org.nr: 974 016 850

Åpningstider

Måndag - fredag
08:00 - 15:30