Se informasjon fra fylkesmannen i Møre og Romsdal til kommunane i Møre og Romsdal: Tørke og grunnvasstilstand i Møre og Romsdal. På grunn av ferieavvikling vel Fylkesmannen å nytte kommunane sin beredskapsadresse for å sikre at denne informasjonen kjem kjapt fram. NVE har publisert ein oppdatert status om tørke og grunnvasstilstand på varsom.no. I store delar av Møre og Romsdal er det enten låg eller svært låg grunnvasstilstand (senorge.no). Grunnvasstilstanden ser ikkje ut til å betre seg med det første. Dette gjer det naudsynt å vise aktsemd ved vassuttak. Sjå opp status om grunnvannstilstanden her Sjå òg NVE si nyhendesak om dette Skogbrannfare Førebels verka det som det er liten skogbrannfare i fylket, med unntak av Sunndal kommune. Dette kan endre seg ved langvarig mangel på nedbør. På yr.no kan de følgje med på Meteorologisk institutt sin vurdering av skogbrannfaren : Alle brann- og redningsvesen skal i tillegg ha fått informasjon frå DSB om skogbrannfaren.