Varsel om ekstremværet Cora

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vidaresender her varsel om ekstremvêr frå Meteorologisk institutt:

Møre og Romsdal 
Tidleg søndag morgon auking til sørvest sterk storm utsette stader, søndag føremiddag dreiing til vestleg full og til dels sterk storm, seint om føremiddagen dreiande nordvest og avtakande. Det er venta vindkast mellom 35-40 m/s inn over land. Vinden kombinert med nedbør som snø vil gje lokalt vanskelege køyretilhøve.

Trøndelag:
Søndag morgon auking til sørvest sterk storm utsette stader, søndag føremiddag dreiing til vest til nordvest sterk storm, på kysten kan hende kortvarig orkan. Utover ettermiddagen avtakande. Det er venta vindkast mellom 35-45 m/s inn over land. Vinden kombinert med nedbør som snø vil gje lokalt vanskelege køyretilhøve.

Skildring av vêrsituasjonen:

Laurdag føremiddag ligg eit lågtrykk 1009 hPa over Island (66 nord 17 vest). I løpet av laurdag ventast lågtrykket å utvikla seg til eit stormsenter i Norskehavet. Første del av søndag vil stormsenteret ligga i Norskehavet og set opp eit kraftig sørvestleg vindfelt. Søndag føremiddag treff stormsenteret på 990 hPa kysten av Helgeland og vinden vil dreia på vest og seinare nordvestleg retning. Stormsenteret vil fortsetja austover og raskt avta i styrke. Søndag kveld er stormsenteret venta 1003 hPa over Bottenviken.

For meir informasjon om ekstremvêr: http://www.met.no/Meteorologi/A_varsle_varet/Varsling_av_farlig_var/